Jondal skule

Jondal skule ligg i Jondal sentrum. Me disponerar, i tillegg til uteområdet til sjølve skulen, ein kunstgrasbane for fotball og ein aktivitetspark. Elvastien er ein fin tur som er lagt forbi skulen vår og dannar eit godt utgangspunkt for turar kring i bygda. Skulen set fysisk aktivitet høgt.

Skulen arbeider for eit inkluderande lærings- og oppvekstmiljø, og har eit godt samarbeid med barnehagen og andre aktørar. Me er opptekne av å leggja til rette for at kvar enkelt elev skal få oppleva meistring og utvikling i samspel med andre elevar og vaksne ved skulen vår.

Elevar i klasserom som dansar. Foto: Skarv Studio

Kontakt oss

Jondal skule

Vik 7

5627 Jondal

jondal.skule@ullensvang.kommune.no

53 66 95 50

ullensvangskulen.no

Sarah Marie Røstbø

Rektor

sarah.marie.rostbo@ullensvang.kommune.no

951 22 615

 

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
§ 11-2. Elevråd ved grunnskolar
Ved kvar grunnskole skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.

Ein medlem av undervisningspersonalet på skolen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.

Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.

Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skolen og arbeide for å skape godt lærings- og skolemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.

 

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
§ 11-4. Foreldreråd ved grunnskolar
På kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer.

Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.

Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
§ 11-1. Samarbeidsutval ved grunnskolar
Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

 

§ 11-1a.Skolemiljøutval ved grunnskolar
Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

Artikler